
Gunleik Mæland 37 år driv garden i dag. Gunleik tok over drifta 19 år gamal og har sakte men sikkert bygd den opp til ein arbeidsplass for fleire.
På garden er det kjøtproduksjon av sau, storfe og litt gris. Garden ligg fint til i kulturlandskapet i Flatdal mellom Nutheim og Natadal, med utsikt rett mot Skorvefjell og Bindingsnuten. Til garden høyrer òg staulen Storstaul, der både sau og storfe beiter sumarstid. Der er det fleire gamle staulsbygningar som er rusta opp.
Me er glad i dyra våre og meiner godt dyrestell og kjærleik til dyra gjev gode produkt. Mykje utegang, gode beiter og flott kulturlandskap er med på å leggje ei ramme rundt drifta.
Me driv med mjølkeproduksjon med bevaringsverdige kurasar i fjoset. Me har bygd om det gamle fjoset til lausdrift for elleve kyr. I 2022 stod eit nytt mjølkefjos i gamal stil ferdig på staulen. Sumaren 2024 er også nytt ysteri tatt i bruk. Kyrne er av den utryddingstruga rasen telemarkskyr, Kyrne gjeng med kalven sin i to månader. Det gjev god samvit, og tilbake får me nyte det vakre samspelet mellom kyr og klav.
Me kastrerar oksekalvane slik at dei får to somrar på utmarksbeite. Ein lang beitesumar på staulen gjev ein smak av norsk natur. Kjøt frå dei gamle storferasane er finfibra og smaksrikt. Dei veks ca 20 prosent saktare enn vanleg storfe. Det gir finare og tynnare muskelfibre, og mindre intramuskulært fett. Derfor blir kjøtkvaliteten svært god og heile 25 % av kjøtet kan nyttast som biff.
Me heve rundt 20 vinterfora mordyr av norsk kvit sau (NKS) og rundt 60 mordyr av farga og kvit spæl. Sauin beiter vår og haust i kulturlandskapet i Flatdal og frå juni-september reiser dei til staulen i Svartdal og vidare innover i Brattefjell/Vindeggen landskapsvernområde der dei nyt rikt og godt beite heile sumaren. Området ligg høgt over havet og det er svært lite tap. Me lagar pinnekjøt og fenalår i dei gamle bygningane frå 1600-talet på garden etter gamal oppskrift og sel elles heile og halve dyr av sau og lam. I tillegg har me mange flotte sauefellar i alle fargar for salg.
Me er også aktive innanfor avl og reiser kvar haust på utstilling med utvalde værar for bedømming og sal. I tillegg har me svært god hjelp av gjetarhunden Cash i arbeidet med sauin.
