Mat direkte frå garden
Laga med omtanke for folk, fe og natur.
Me tek bestillingar for slaktesesongen hausten 2025.
Alt kjøtet blir dela og vakuumpakka i familiepakningar. Me sel ikkje stykningsdelar kvar for seg, fordi me ynskjer at heile dyret blir nytta. Hvis du er kokk og ynskjer kjøtet dela på en spesiell måte, kan det gjerast om du bestiller i god tid. Me leverar i Telemark og i Oslo, Kongsberg, Drammensområdet, Asker og Bærum. Vanlegvis blir kjøtet levert som frose vare i november.
Prisliste 2025:
Eplemost
frå yve 100 år gamle epletrær
Me produserer økologisk eplemost. Det er ein blandingmost med ulike sortar. Fin balanse mellom sødme og friskheit. Kjem på kartong i september / oktober.
195,- for tre liter på kartong
Lammekjøt
rett frå fjøllet
Sauin og lamma har beita i Brattefjell-Vindeggen landskaps-vernområde. Der he dei ete friske urter og gøtt fjellgras. Det gjev ein smak av høgfjøll og vidde. Me sel halve og heile lam. Eit halvt lam er på rundt 10-11 kg (ca ein butikkpøse).
Utseldt for 2025, ta kontakt for bestilling for neste slakteseong hausten 2026.
Grisekjøt
frå glade staulsgrisar
Grisekjøtet kjem frå utegris som har fengje fine sumardagar i soli og rote i jordi på staulen kons.
Dei blir fora på blant anna restar etter osteproduksjonen og nedfallsfrukt. Me sel heil og halv gris og 15 kg kassur . Ein halv gris er på rundt 45 kg.
Utseldt for 2025, ta kontakt for bestilling for neste slakteseong hausten 2026.
Kuskinn
frå landrasen Telemarksfe
Kuskinn frå telemarksfe raud og kvit i ulike mønster og fargetoner
3750,- for skinn frå ungdyr
5000,- for skinn frå vaksne dyr
Kastratkjøt
frå telemarksfe
Kjøt frå ein gamal norsk utrydningstrua rase. Telemarksfeet, spesielt kastratar, veks svært sakte. Det gjev noko av de møraste kjøtet du kan få tak i. Kastratane får to somrar i utmarka kons. Det gjev ein smak av norsk natur. Dette er eit eksklusivt kjøt av god kvalitet.
Utseldt for 2025, ta kontakt for bestilling for neste slakteseong hausten 2026.
Saueskinnsfellar
frå Rørtveit-sau
Sauen har beita om våren i det flotte kulturlandskapet i Flatdalsbakkane og heile sommaren i Brattefjell-Vindeggen landskaps-vernområde. Me har skinn med og utan trykk frå Funnerfellen. Ta kontakt for pris, fargar og storleik.
små fellar 1600,-
store fellar 1800,-
store fellar med trykk 2800,-
sitjeunderlag med trykk 950,-
Bestill:
epost til gunleikm@gmail.com eller sms til 95945691





