Produkt

Rørtveit Gard har kjøt, saueskinn og eplemost for sal. Me har ein draum om å tilby meieriprodukt frå staulen i framtida. I samarbeid med kundar, naboar og andre håpar me å få det til!

Kjøt

Me sel kjøt av storfe, sau, lam og gris. Storfekjøtet kjem frå kastratar som har fengje to sumrar i utmarka. Kombinasjonen av beiting i norsk natur og ein gamal norsk storferase av sakte vekst gjev mørt kjøt med god smak. Grisekjøtet kjem frå utegris som har nytt sumardagar i soli og fått rote i jordi. Sauin og lamma har beita i Brattefjell-Vindeggen landskaps-vernområde. Me meiner at mykje beite og omsorg gjev god kjøt. Sjå prisliste her

Eplemost

Me produserer eplemost frå yve 100 år gamle epletrær. Det er ein blandingmost med ulike sortar. Fin balanse mellom sødme og friskheit. Kjem på kartong, 3 liter. 190,- pr kartong.

Sitjeunderlag

Me sel sitjeunderlag med lokale trykk frå Funnerfellen. Symbola trykker Funnerfellen med trestempel som er kopiert frå gamle, lokale saueskinnsfellar. Alle trykka er teikna av og skorne ut for hand. Sauen som har gitt skinnet til sitjeunderlaget har levd livet på Rørtveit Gard. Den har beita om våren i det flotte kulturlandskapet i Flatdalsbakkene og heile sommaren i Brattefjell-Vindeggen landskaps-vernområde. Ta kontakt for pris, fargar og storleik.

Sauefellar

Sauen som heve gitt skinnet sitt til denne fellen har levd livet på Rørtveit Gard i Flatdal. Den har beita om våren i det flotte kulturlandskapet i Flatdalsbakkene og heile sommaren i Brattefjell-Vindeggen landskaps-vernområde. Me har skinn med og utan trykk frå Funnerfellen. Ta kontakt for pris, fargar og storleik.

Besøk staulen

Me har mjølkefjos og bygger nå ysteri på staulen. På Storstaul bur me kvar sommar med sau og kyr. Me har ein draum om å tilby meieriprodukter når ysteriet er ferdig. Kyrne mjølkar me kvar dag, og Tine sin tankbil kjem på besøk tre gonger i veka.

Det er bilveg heilt fram og me tek imot gjester for omvisning og smaksprøve i sommarhalvåret.

Omvising på garden

Me tek dykk med ein tur i det historiske kulturlandskapet. På garden er det styvingstre, urtehage, steinsetjingar og bygningar frå tidleg 1800-talet samt ein hundre år gamal eplehage. På garden beitar telemarksfe, som er ein bevaringsverdig storferase, spelsau og norsk kvit sau. Garden ligg i gangavstand til Sogevegen og Nutheim Gjestgiveri. Ta kontakt for pris og tilpassa omvisning til deg/dykk.


Vil du bestille eller få mer informasjon?

Send mail til gunleikm@gmail.com eller sms 95945691