Historien om Rørtveit Gard

Gardens historie

Rørtveit Gard ligg på ei fjellhylle i eit vakkert kulturlandskap, vendt mot dramatiske Skorvefjell i Flatdal. Det gjev ein ømeleg fin utsikt! 

Garden kjem opprinneleg frå ein storgard som heite Minnesjord, men den har som mange gardar i området blive dela upp. Ein av dei fyrste teigane som blei dela ut blei heitandes Rørtveit, som så i 1828 blei dela i to, så detta her blei Nigard Rørtveit. Det vil sei nedre Rørtveit. «Rør» kjem frå røyrgras/ sløkjagras som trivast i blaute bekkefar. Tveit kjem frå rydda skråbakke. 

Frå 1867 til 1872 dreiv Tor Larsson Rørtveit garden. Han hadde som attåtnæring å selja sprit frå kjellaren i gamlestoga. Han var eismal og fekk etter kvart ein uvane med å smaka litt mykje på spriten. Han hadde stor tønne med sprit og det hende rett som det var at han gløymte å sette i tønnetappen, så spriten på tønna rann ut på jordgolvet. Det blei ein dårleg forretning. Etter kvart blei han så sløv at han reiv kledningen på buret for å fyre som ved. Han gjekk konkurs i 1872. Så det lønner seg ikkje å smaka for mykje på varune ein sel.

Etter Tor Rørtveit gjekk konkurs i 1872, blei garden kaupt av Olav Sørensen Våle frå Hjartdal. Han bleiv gift med Anne Ambjørndalen, men ho døde barnlaus.  Olav han visste råd, for han hadde ei fager og fin budeie, Ragnhild Olavsdotter Risvold. Det er ikkje uvanleg at budeiene ser opp til bonden og kan bli veldig betatt uavhengig av alder. For når Olav var 68 år gifta han seg uppatt med Ragnhild var 27 år. 

Etter Olav og Ragnhild dreiv Olav og Torhild garden frå 1950. Dei hadde 6 mjølkekyr, ungdyr og ein hest. Dei hadde berre høy som grovfor og over 40 hesjer. Mjølkekyr ble det slutt med i 1986. Olav og Torhild hadde ingen barn, men dei hadde ein slåttekar, Henry Mæland. Henry og kona Turid Birkrem Mæland hjelpte til i slåtten i fleire år før dei kjøpte garden i 1991. Dei flytte til gards med sine tre born som voks opp på Rørtveit gard.

Henry, Turid og ungane fekk fram att kulturlandskapet på garden og dyra beita stadig større områder i dei bratte liane. Familien hadde 32 vinterfôra sauer, 5 ammekyr, ungdyr og ein hest. Dei hesja 10-15 hesjer, men etter kvart blei det høyturke og litt leigepressa rundballar. 

I 2007 overtok ein av borna, Gunleik Mæland, garden som han har drive sidan. I dag er Turid og Henry kårfolk på Rørtveit. Borna til Gunleik, samt resten av storfamilien og gode vener, hjelper til på garden.

Vil du vita meir om dagens drift?

Olav og Torhild Rørtveit
Olav Rørtveit og oksen Fram Flatdal
Rørtveit med våningshus, stabbur og fjos
Torhild Rørtveit mottok diplom for godt mjølkestell