
Storstaul
Storstaul ligg i Svartdal i Seljord. Det var tidligare to plassar, uppigard og nigard, med fast busetning i nær 200 år . I 1859 brann våningshuset, og plassen har seinare vore nytta som staule.
På 30-talet eigde banken Storstaul. Banken gjekk konkurs. På den tida hadde Ragnhild Rørtveit 2000 kroner i innestående i banken. Derfor fekk dei Storstaul som ein kompensasjon for tapte pengar. Det var ikkje Ragnhild og Olav nøgde med, ikkje so rart i ein tid der staulsdrifta var på veg ut av jordbruket. Ragnhild og sonen Olav stola aldri meir på banken etter det. På Storstaul er det eit gamalt sel frå omkring 1880, ei hytte frå 1942 der dagens budeie og bonden bur. Det er eit gamalt hus løa opp i nyare tid som nyttast som driftshusvære. Huset kjem frå Hjartdal og ble reist på Storstaul i 2014. Det er au eit gamalt fjos og løe.
Storstaul var utan beitedyr frå 1956 til midten av 90-talet, men kyr kom fyrst tilbake på staulsvollen i 2010. Dagens drivarar har hogge 1300 kubikk tømmer og opna opp ca 70 daa dyrka kulturlandskap slik det opphavleg var.
Om sumaren beiter sau og storfe her. I 2020 startar me arbeidet med å byggje mjølkefjos og ysteri på Storstaul.
Bakom staulen ligg Skarsnuten. Der skal den kjente stortjuven og skoggangsmannen Tor Murukleiv skal ha halde til. Her skal det vere ei hole under ein stor heller. Det seiast at han skal ha gøymd ein sylvskatt der. Murukleiven var meir enn tjuv og fredlaus, han var og spelemann og visediktar.



