
Ein gamal norsk storferase
Telemarksfe er den eldste kurasen i Noreg. Ho vart stilt ut som eigen rase for fyrste gong i 1856 i Kviteseid i Telemark. Dyra er raudsida eller brannete, sjøl om sistnemnde er sjeldan. Ho har lange vidstilte horn. Rasen er basert på det lokale feet i Telemark med innkryssing av Ayrshirefe.
Rasen er ei typisk mjølkeku, med levande vekt på om lag 500 kg. Sidan dyri veks seint blir kjøtet i smaksrikt og eksklusivt, kanskje til og med i verdsklasse. Rasen har vore sett på som eit nasjonalsymbol og var lenge den mest utbreidde rasen i Noreg, særleg i fjell- og dalbygder på Austlandet, Voss og indre Hardanger. Rasen fekk eigen avlsorganisasjon frå 1921, Landslaget for Telemarksfe. I 2018 var det 387 mordyr av rasen i Noreg. Med så får mordyr er rasen klassifisera som trua.
Mjølkemengda frå telemarksfe ligg på om lag 4500 kg per år, som er mindre enn for NRF som har ein gjenomsnittelig avdrott på 7700 kg melk i året. Telemarkskyri krev derfor mindre vedlikehaldsfôr, og storleiken gjer at ho egnar seg godt på ein bratt alpegard. Utmarka vår er au bratt og ulendt, men det er ikkje noko problem for ei telemarksku.
Telemarkskyri er vandrande og rautande kulturhistorie. Vakker, med med ein stor personlegdom. Ho er au ein bru til fortida. Sidan levandes kulturhistorie gjer seg dårlig på museum, er det best å nytte kua. Vern gjennom bruk, som det heiter. Ho er dessutan det vakraste som finst på fire bein.
På Rørtveit har me valt å satse på telemarksfe fordi ho er nøysam og liten. Å nytte ein lokal rase om er lettare på foten enn moderne mjølkekyr gjer at me kan nytta ressursane til gården best mogeleg. Dessuten vil me gjerne vera stolte kulturbærarar samtundes som me er gardbrukarar og landskapspleiarar.
Kjelder: Landslaget for Telemarkfe, NIBIO og Wikipedia



